Fritidskortet kjem til Jæren

Postet av Bjørg Ueland den 7. Sep 2021

Fritidskortet kjem til Jæren: Vil spara foreldre for fleire tusen kroner

FRITIDSKORTET: Kjell Inge Ropstad, barne- og familieminister (t.v), besøkte Jan Christian Vasshus og Varhaug Idrettslag for å fortelja at Hå kommune blir ein del av ordninga med fritidskort frå 2022.

Barne- og familieminster Kjell Ingolf Ropstad kom hastande til Varhaug mellom slaga mandag føremiddag. Denne gongen kom han ikkje for å svara på eigne buforhold, men med godt nytt for Hå kommune.

Hå er nemleg ein av kommunane som får vera med i fyrste runde av fritidskortordninga regjeringa vil rulla ut i 2022.

Fritidskortet vil sikra alle barn og unge mellom seks og 18 år 2000 kroner i året. Pengane er øyremerka organiserte fritidsaktivitetar og kan ikkje brukast til noko anna.

Fast ordning ?

Eit prøveprosjekt med fritidskort vart sett i gang i to kommunar i 2019 og har sidan den gong blitt utvida. Frå hausten 2021 er 26 kommunar med i testordninga. I 2021 vil ordninga kosta 180 millionar kroner.

Nå har regjeringa altså valt å leggja ordninga inn i statsbudsjettet og gjera ho fast. I fyrste omgang vil ein tredjedel av alle norske kommunar bli inkluderte i ordninga, som etter planen skal trappast opp komande år.

Hå kommune er førebels den einaste jærkommunen på lista.

Foreldre registrerer aktivitet

Det er kommunane som skal drifta ordninga, men foreldre loggar sjølv inn og registrerer fritidsaktiviteten på nettet.

Det einaste kravet er at aktiviteten er i eit organisert lag, anten det er ei speidarforeining, eit idrettslag, eit korps eller anna organisert aktivitet.

– Dette vil gi meistring og føra til meir inkludering slik at fleire unge kan få oppleva å høyra til ein plass, seier Kjell Ingolf Ropstad og legg til at økonomi ikkje skal vera ein grunn til at barn og unge ikkje får ta del i fritidsaktivitetar.

Han kjenner seg tydeleg heime på idrettsanlegget og nyttar høvet til å visa gamle fotballkunster med ein gjengløymt ball.

– Fritidskortet løyser ikkje alt, men kan vera eit godt steg på vegen, legg Ropstad til.

Også fyrste nestleiar i KrF, Olaug Bollestad, som også er landbruks og matminister, har teke turen til Varhaug. – Det som er så bra med fritidskortet er at alle får det. Det er ingen stigma i dette, seier ho.

– Som hand i hanske

KrF-ordførar Jonas Skrettingland er godt fornøgd.

– Fritidskortet passar som hand i hanske til det me driv med sjølv, seier han og trekkjer fram «Alle med»-ordninga.

«Alle med starta» som eit prosjekt, men er nå ei fast, kommunal ordning som rettar seg mot alle barn og unge i Hå. Ordninga har ekstra fokus på innvandrarbarn. Målet er nettopp at alle barn og unge i kommunen skal kunna delta i minst ein organisert fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra si inntekt.

– Me skal sjølvsagt halda fram med «Alle med», men fritidskortet vil setja oss i stand til å nå måla våre på ein endå betre måte, seier Skrettingland.

Sitat fra Jærbladet

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.