Turnering i golfsimulatoren

Postet av Vigrestad Idrettsklubb den 23. Des 2019

Turnering i golfsimulatoren.

 

Vigrestad ik inviterer til ny turnering i golfsimulatoren, med ein klasse for herrer og ein for damer.

 

  • Begge klassane spelar 9 hol på ein ny bane kvar veke.  
  • Oppstart veke 2 og vi spelar 10 veker framover.  
  • Dine 5 beste rundar tel i konkurransen om seier samanlagt.
  • Alle startar med sitt handicap første runde. Handicapet vert deretter justert for kvar runde.
  • Herreklassen spelar netto slag. 
  • Dameklassen spelar stabelford.
  • Påmeldingsavgift for heile turneringa er 300 kr, og må betalast på vipps 524120 eller knt. 3335.65.53697 før første runde.
  • Ein treng ikkje vere medlem av golfsimulatoren for å delta, men dei som ikkje er medlem, må vere med ein/ei som er medlem når dei skal spele. Ikkje-medlem betaler 150 kr for 9 hol eller 200kr for 18 hol kvar gong.
  • Påmelding til Ingvar 48362256 innan 3. januar

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline